Aktivitetar


Jølster er eit eldorado for folk som elskar friluftsliv. Går du med planar om å skaffe deg ei hytte for å nyte fritida di, skal du sjå nærare på kva Hegrenesåsen Hyttegrend kan tilby.

I tillegg til ei fantastisk utsikt over store deler av vakre Jølster, får du høgkvalitetshytter sentralt plassert i den mektige naturen.

Vinterstid ligg snødekte fjell og ventar på deg, dersom du vel langrennski i staden for slalåm.

Turløyper og lysløyper fleire stader i distriktet.

Sommartida er det eit stort nett av turløyper frå ein lett kveldstur til dagsturer og meir.

Når våren kjem og snøen smeltar, er det kort veg til golfanlegget. Jølstravatnet ligg der og blenkjer. Kva med ein tur i robåt og ein oter på slep? Eller ein kveld ved elva Jølstra på jakt etter auren? Kansje rafting i Jølstra,brevandring eller paintball ?

Jølster Skisenter ligg kun 10 min. unna med bil. Ein kan sjå skibakken frå Hegrenesåsen, spesielt på kveldstid med lys i bakken.

For informasjon om Jølster Kommune, trykk her.

Området byr også på mykje meir. Frå hytta di i Hegrenesåsen er det kort veg til Astruptunet og Eikåsgalleriet. Og langsmed same vegen er det både hotell, kafé, butikkar, bensinstasjon m.m.